Utan matt - ingen gud!
Eg har stor glede av å lese sjakkepistlane til Atle Grønn i den gode, nynorske kommentaravisa "Dag og Tid".
Grønn er i det litterære og filosofiske hjørnet i dagens epistel. Han er innom Samuel Beckett sin roman "Murphy" frå 1938 der hovudpersonen spelar eit uvanleg parti sjakk. Murphy gir opp partiet i ei lik stilling der dei vanlege reglane om slag av brikker og matt som mål ser ut til å vere oppheva.
Atle Grønn avsluttar med dette: "Om ein spelar sjakk utan målet om sjakk matt, finst det ikkje lenger nokon gud eller meining i galenskapen."
Noko å tenkje over...